|
|
|
Engjom skule
|
|
DIG3 : Gausdal kommune : Engjom skule |
Skriv ut
Sideoversikt
|

Marknad til inntekt for TV - aksjonen 2010 "Barn på flukt"
I år går inntekta til Flyktningehjelpen
Tradisjonen tro jobba alle elevane heile veke 42 for å førebu den årlege marknaden. Då laurdagen kom, var det berre å finpusse litt før skulen vart full av folk. Nokre kom kanskje for å gjere eit kupp på loppemarknaden, andre for å handle elevprodukter. Dei fleste tok seg tid til ein kopp kaffe og vaffel,bolle eller kakestykke. Ein kunne og få kjøpt pølser og popcorn, frukt og grønsaksuppe og bakt potet på den grøne kafe. Ute var det blikkbokskasting. Det var loddsal på 3 fruktkorger sponsa av lokale butikkar samt ein sekk med poteter. Mange dro heim med fint måla ansikt.
15000,- kr netto vart samla inn til TV - aksjonen. Flott innsats av elevar, foreldre og lærarar.
Tilbake
|
|
|
|
|
|
|